Herdla - trekkfuglar

EIN HOVUDFLYPLASS FOR TREKKFUGLANE

Bergensarane grunna på det, lenge og vel. Tyskarane iverksette det, under siste verdskrigen. Då hadde fuglane gjort det i fleire tusen år: Herdla er hovudflyplass for trekkfuglane under hausttrekket.

Skulle du sjå Herdla i fugleperspektiv, ville du skjøna kvifor: Herdla er ein flat, grøn, forlokkande oase mellom vestlandskystens knausete lyngheiar, fjordar og fjell. For ein sliten trekkfugl, som framleis har mange hundre mil att, er det ikkje berre freistande å ta staden nærare i augesyn. Det er gjerne heilt naudsynt, for denne naturtypen er det lite av på denne delen av Vestlandet. For fleire fugleartar er Herdla faktisk den einaste staden mellom Vigra på Sunnmøre og Jær-strendene i Rogaland der dei kan gjera seg von om å sikra seg ein livsviktig matbit.

Mange av trekkfuglane må langt av garde for å finna høvelege vilkår når vinteren nærmar seg. Å flyga krev mykje energi. Ei and brukar fem gonger så mange kaloriar for kvar tidseining ho flyg, samanlikna med å ta seg roleg rundt på land. Fuglane blir nok slitne av å flyga langt, men vel så viktig er det at dei ikkje går tomme for «drivstoff». Før det lange trekket tek til, går dei fleste gjennom ein feitekur. Opplagra feittreservar på kroppen er «flybensin». Tek dette lageret slutt, er krisa eit faktum, om det ikkje finst ei naudhamn innan rekkjevidd.

For slike slitne og svoltne fuglar på hausttrekk har Herdla ein viktig funksjon. Det er fullt mogleg å «etterfylla tanken», men då må ein ha rikeleg tilgang på den rette næringstypen. Dei skal helst eta mest mogleg på kort tid, slik at dei kan dra vidare så snart vêr og vind er lagleg. Jorda, strendene og dei grunne sjøområda kring Herdla er biologisk høgproduktive. Studerer du ein vadefugl ved lågvatn i Prestvika eller i ein dam på Valen, ser du at dei ofte er i febrilsk aktivitet på leiting etter mat.

  • Amundsen, T. 1985. Fuglefaunaen på Herdla. 389 s. Virkesdal, E. 2002. Herdla – den spesielle øya. Herdla museum/Askøy kommune.

Documents

See also

Places in muncipality