Bergsvatnet er ein del av Berge landskapsvernområde – eit gammalt og særprega kulturlandskap med karakteristiske gras (takrøyr) ved vatnet, gamle eikestuvar og ein lun våg med naust, kvernhus og oppgangssag. (Blom Norkart Mapping)

Kvam

Edellauvskogen veks frodigare i Kvam enn nokon annan stad i Noreg. Nordsida av Hardangerfjorden er kjerneområdet for denne naturtypen her til lands, og i Kvam er vekstvilkåra ekstra gode.

Klimaet er ideelt, korkje for varmt eller for tørt om sommaren eller for kaldt om vinteren. Den langstrekte kommunen ligg vend mot sør, med solrike lier framfor bratte berg. Mykje av berggrunnen er næringsrike og lettvitrande kambrosilurskifrar. At nettopp Kvam er godt eigna for fruktdyrking, heng saman med tilhøva i klima og jodsmonn. Kravstore orkidear har også funne seg godt til rette i denne hagen ved fjorden.

Mykje av det beste jordbrukslandet ligg ved fjorden, som i Strandebarm, Tørvikbygd, Vikøy og Øystese. Frå Fyksesund og utover langs fjorden strekkjer kambrosilurskifrane seg, med grønskifer, grønstein og fyllitt som dei vanlegaste bergartane. Mange stader er fyllitten sterkt forvitra, eit skikkeleg rotafjell for dei som må arbeida med han. Men ikkje berre mjukt og lettsmuldrande fjell gjev grunnlag for gardsdrift, også morenemassar frå istida syter for gode dyrkingsvilkår. I Steinsdalen og områda ikring er det store, flate jordbruksområde på elvesletter og terrassar av sand og grus. Desse lausmassane når opp til det høgste nivået for havet etter istida, den marine grensa, som på Neteland inst i Steinsdalen er 84 m o.h. Den marine grensa er også øvre grense for det meste av busettinga i kommunen, gardar som ligg høgare er gjerne rydda på vitringsjorda av grønskifer og fyllitt.

Straks aust om Fyksesund reiser fjellsidene seg brattare, og jorda vert dårlegare. I dette området er det dei harde granittane, kvartsittane og gneisane i Bergsdalsdekka som rår. Desse lausrivne grunnfjellsbergartane som kom langt frå nordvest har synt seg seigliva i møtet med erosjonskreftene. I fjellsidene ved Ålvik er det derfor ikkje berre industrirøyk som har hindra vegetasjonen i å etablera seg. Den skrinne og motstandsdyktige granittgneisen må óg ta noko av skulda.

Kvam, den lange storkommunen som vart skipa i 1965 langs Hardangerfjorden, frå Ålvik til Hatlestrand, kryssar ei gammal kulturgrense mellom Strandebarm og Kvam, frå Hårjono ved Straumastein i Tørvikbygda til Belsnes nord for Torsnes i Jondal. I vikingtid og mellomalder var dette grensa mellom Hardanger sysle og Sunnhordland, i seinare hundreår mellom Hardanger og Søndhordlehn Fogderi. Strandebarm høyrde til Sunnhordland, Kvam til Hardanger. Det gamle kultursambandet med sunnhordlandsbygdene treng ingen vera i tvil når vi høyrer målføret i Strandebarm.

Kvam prestegjeld – som fram til 1911 hadde namnet Vikør – omfatta soknene Vikøy og Øystese. Strandebarm prestegjeld var fram til 1802 delt mellom to prosti: Strandebarm og Varaldsøy i Sunnordland og Jondal i Hardanger. Frå dette året vart heile Strandebarm prestegjeld lagt til Hardanger. Jondal vart eigen kommune frå 1846, med same grenser som mellomalderens skipreide. Tørvikbygd nord for fjorden høyrde då til Jondal. Grensa mellom Kvam og Jondal gjekk i eldre tid mellom to tun på Heradstveit i Tørvikbygd. «Innitun» Høyrde til Kvam og «Utitun» høyrde til Jondal. Forklaringa er at Tørvikbygd heilt fram til den store revisjonen av kommunegrensene i 1964 var ein del av Jondal skipreide og kyrkjesokn. Sambandet over fjorden var lettare enn over det bratte Vangdalsberget.

Gåva frå andre sida

Kvam er meir enn kambrosilurbergartar og skyvedekke; kommunen har og fått eit stykke norsk grunnfjell i gåve frå Folgefonnhalvøya. Ikkje grunnfjell som kom rekande langvegsfrå, som i Ålvik, men grunnfjell som alltid har lege på samme plassen. I istidene grov breane ut Hardangerfjorden i grensesona mellom dette grunnfjellet og kambrosilurbergartane. Men isen fylgde ikkje grensesona blindt, og ein snipp av grunnfjellet – som etter rett høyrer til på andre sida av fjorden – vart igjen mellom Ljones og Augastad.

Gjennom dei mange istidene grov breane Hardangerfjorden stendig lenger innover i landet. Då fjorden i dei isfrie periodane etterkvart nådde heilt inn forbi Ålvik, fekk sideelvane bratt fall mot den opne fjorden. Fallet gav elvane kraft til å skjera ned tronge dalar langs forkastingar og sprekker i berggrunnen, dalar som syner lite teikn på breerosjon. Mest kjent er kanskje Tokagjelet, men også Mundheimsdalen i Mundheim, Strandadalen og Engjadalen i Strandebarm, Fitjadalen og Laupsadalen i Øystese og Roaldsdalen ovanfor Ålvik er slike dalar. Annleis er det med Fyksesund – her var det breane som stod for det djupe innhogget i landskapet.

Tidleg vår

Steinsdalselva, med den kjende turistattraksjonen Steinsdalsfossen, vart verna mot kraftutbyggjing i 1986. Ein del vasskraft er likevel utbygd i kommunen. Kaldestad kraftverk, rett sør for Norheimsund, nyttar fallet frå Krokavatnet (597 m o.h.). Bjølvefossen kraftverk, med si lett synlege røyrgate ned fjellsida i Ålvik, er eit gammalt industrikraftverk. Det forsyner Ålvik smelteverk med kraft. Kraftverka dreg nytte av dei relativt store nedbørsmengdene i fjellområda, som i vest kjem opp i meir enn 3400 mm i året. I fjorddistrikta regnar det mindre, normalt mellom 2100 og 2400 mm. Vindtilhøva kan skifta mykje langs fjorden. På avgrensa fjordstykke kan det vera sterke, lokale vindar, medan det er stille både innafor og utafor.

Områda ut mot den breie fjorden får tidleg vår, mykje sol og har lang vekstsesong. Medan snøen enno dekker fjella på Kvamskogen i april, pryder blømande blåveis skogbotnen i Strandebarm. Blåveisen er ein austleg art - kusymre og bergflette kjem frå kysten. Det er ikkje mange stader i landet desse plantane veks i lag, slik som her. Edellauvskogen forsyner seg med dei beste, lågtliggjande veksestadane i kommunen. Dei frodige skogane er dei viktigaste leveområda for viltet i Kvam. Dei mange store, gamle lauvtrea er ettertrakta bustader for kattugla. Mest overalt i kommunen skaper denne fuglen vårstemning i seine april- og maikveldar.

Furuskogen står helst høgare opp i lia. I Kvam er det også eit godt utvikla belte med bjørk mellom furuskogen og høgfjellet. Den lokale botanikaren Torkel Lillefosse frå Strandebarm brukte heile livet sitt til å samla plantar og utforska floraen i dette botanisk sett spanande distriktet.

  • Aarrestad, P. A. 2000. Plant communities in broad-leaved deciduous forests in Hordaland county, Western Norway. Nordic Journal of Botany 20:449–466.
  • Askeland, Ø. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Kvam. Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Askeland, Ø. 2002. Viltet i Kvam. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Børset O. 1985. Skogskjøtsel I. Skogøkologi. Landbruksforlaget.
  • Eide, D. (1974) Kvam kommune: ein lokalbiografi. Hovudoppgåve, Statens bibliotekskole.
  • Laupsa, O. M., Røyrvik, J. & Høysæter, A. red. (1987) Lokalt sjøvstyre 1837-1937: Kvam - Strandebarm. Kvam.
  • Næss, A. & Kolltveit, O. (1947-1950) Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid. Strandebarm og Varaldsøy bygdeboknemnd.
  • Olafsen, O. (1921) Kvam i fortid og nutid. Norheimsund.
  • Oma, A., Kolltveit, B. & Røen, A. (1937) Strandebarm: utgjeve i høve kommunejubileet 1837-1937. Oslo, Fabritius.
  • Bygdejol (1945-1970).
  • Kvam heradstyre 1837-1937: til hundradårets minne (1937). Norheimsund.

Documents