Beitande sau ved Torehytta med landemerket Hårteigen i bakgrunnen — eit typisk og idyllisk motiv frå Hardangervidda. Fleire titals tusen sau har sommarbeite på Hardangervidda. Kanskje er ikkje dette så problemfritt som vi lenge har trudd. (Jan Rabben)

Hardangervidda nasjonalpark

BRUK OG VERN

Hardangervidda er ein nasjonal skatt som må vernast om. Dette veldige høgfjellsplatået har ikkje berre unik natur – det har òg vore nytta av menneske gjennom fleire tusen år til fiske og jakt, og det er i dag eit stort utmarksbeite for sau – og ikkje minst eit populært område for fotturistar. Villmark, utmark eller friluftsliv – lèt alt dette seg kombinera? Kven er eigentleg Hardangervidda for?

Før nasjonalparken vart oppretta, var det ein oppheta debatt. Ei viktig årsak til ordskiftet var at ein nasjonalpark for første gong i Noreg kunne innskrenka råderetten over private eigedommar. Bygdefolk var ottefulle for å missa ein del av bruksrettane til Vidda. På same tid vart det drøfta kraftutbygging i fleire av dei største vassdraga på Vidda. Dei utbyggingsområda som til slutt vart vedtekne, som Simavassdraget og delar av Bjoreivassdraget, la ein utanfor parken. Vassdraga innanfor parken vart verna mot vidare utbygging.

Det vart politisk viktig å oppretta ein stor nasjonalpark, men regjeringa fann det uklokt å utfordra lokale interesser i altfor stor grad. Resultatet vart ein nasjonalpark der omgrep som «bruk» og «vern» er jamstilte i verneforskriftene. Fleire vanskelege problemstillingar vart ikkje skikkeleg avklara i forkant av vernevedtaket. Sjølv vel 20 år etter er det stundom vanskeleg å oppnå semje i viktige spørsmål.

Villreinen

Til Hardangervidda vandra villreinen inn då isen smelta for vel 10 000 år sidan. Sidan har han hatt tilhald her, men stamma har variert mykje i storleik gjennom tusenåra. I nyare tid var det utbreidd tamreindrift med private reineigarar på same vis som i Finnmark, men denne drifta tok slutt i slutten av 1950-åra. Dyra som då var att, skapte grunnlaget for dagens villreinbestand. Dei vandrar fritt og har ingen eigarar, men bestanden blir regulert gjennom vedtekne driftsplanar og årlege jaktkvotar.

Villreinen er eit vandrande dyr som treng store område. Dyra trivst ikkje der det er gjerde eller andre stengsle. I kalvingstida på vårparten var dei fleste simlene inntil for få år sidan å finna i eit avgrensa område i Ullensvang og Eidfjord. Dei siste åra har mykje av kalvinga funne stad i Telemark. I denne tida er dei særleg sårbare. Gjennom sommaren kan ein sjå flokkar med rein over store delar av Vidda, stundom med fleire tusen dyr i same flokken.

Det er vanskeleg å slå fast kor stor villrein-bestanden på Hardangervidda er, men i mange år har dei fleste vore samde om at det er fleire dyr enn det er beitegrunnlag for om vinteren. Så seint som i år 2000 rekna ein med at det var mellom 12000 og 15000 vinterdyr på Vidda, trass i høge jaktkvotar i åra før. Men på grunnlag av teljingar i 2001 har talet vorte nedjustert. Eit anna tal, som er minst like vanskeleg å gjera seg opp ei meining om, er kor mange dyr som er i samsvar med den langsiktige bereevna. Talet var ei tid sett til 8000 vinterdyr, seinare har det vorte rekna til å vera noko høgare.

Særleg lavartane gulskinn og kvitkrull er avgjerande for vinterbeitet. Ved overbeiting treng lavmatta mange år på å byggja seg opp att. Derfor er det viktig å halda bestanden på eit nivå som ikkje er høgare enn bereevna over tid. Dette er alt anna enn lett når uvissa om bestandsstorleiken er så stor som han er. I dag er jegerane mest åleine om å regulera dyretalet på Hardangervidda, ettersom dei store rovdyra for lengst er borte. Jerven var eit fast innslag der fram til 1972, ulven forsvann mykje tidlegare.

Motorisert ferdsle – eitt av fleire stridstema

Vegar finst berre i utkantane av vidda. Korleis skal ein helst frakta jegerane og fiskarane inn i området om hausten, og korleis skal dei ta seg heim att, med store bører med kjøt og fisk?

Fleire stader er det djupe køyrespor i terrenget, spor som treng mange år på å lækjast så høgt til fjells. I 1999 fanst heile 271 kilometer registrerte traktorsleper på Hardangervidda – eit særsyn for Hardangervidda nasjonalpark.

Traktorslepene er stundom gjørmete. For å koma fram må det ofte lagast nye spor. I Nore og Uvdal vart ei slik slepe utbetra for å samla all køyringa i same sporet. Då vart slepa med eitt framkomeleg også for terrengbil, med det resultatet at biltrafikken auka sterkt. Reglane for nasjonalparken var ikkje tilpassa dette. Hovudtraktorslepa på vestsida av vasskiljet går i dag frå Tinnhølen i Eidfjord til Hansbu i Ullensvang. Styresmaktene har arbeidt mykje for å redusera bruken av traktor, og i staden få meir av transporten over på sjøfly og helikopter.

I nasjonalparken er det òg mykje bruk av snøskuter vinterstid,til stølshus og jaktbuer. Dei fleste av dei vart bygde før områda vart verna. Også turisthyttene har trong for omfattande transport av mat og utstyr.

Spora etter motorisert ferdsle sommarstid skjemmer landskapet, men kor stor skade ferdsla gjer på planter og dyr, er omdiskutert. Snøskutertrafikken uroar villreinen, men elles er det vanskeleg å påstå at desse køyretøya er til stor skade. Problemet er heller at enklare tilgjenge fører til at det blir større folkeferdsle, og at større delar av Vidda blir tekne i bruk. At det har uheldig verknad på planter og dyr, er det lettare å semjast om.

Fjellbeite for sau og smågnagar

På Hardangervidda har fleire hundre tusen sauer sommarbeite, mange av dei inne i nasjonalparken. Dette er langt fleire dyr enn det som normalt soknar til desse fjellområda. Særleg har sauebønder i Nord Rogaland og Sunnhordland leigd beiterettar i statsallmenningane i nasjonalparken. Like fullt har skoggrensa flytta seg oppover mot Vidda. Ein av grunnane er at det no er mindre beiting frå husdyr i desse meir bygdenære områda enn før.

Sauen beiter på mange av dei same plantene som lemen og andre smågnagarar lever av. Plantene reagerer på beiting ved at dei utviklar antibeitestoff. Dette er skadeleg for dyra, særleg for smågnagarar, som helst unngår å eta planter som har utvikla desse stoffa. Dermed kan det bli matmangel, lemenet legg ut på massevandring, men må til slutt likevel eta giftige planter og då døy. Dette kan vera noko av forklaringa på at det ikkje har vore verkeleg gode smågnagarår på Hardangervidda sidan 1978, og det som har vore av toppar i lemenbestanden, har kome til andre tidspunkt av året enn sommaren. Sauen blir truleg òg påverka av dette, men greier seg betre ettersom han berre skal eta graset nokre få sommarmånader.

Dersom det blir prova at for sterk sauebeiting i fjellet er grunnen til at dei gode smågnagaråra uteblir, er det dramatisk. Mykje av dyrelivet i høgfjellet i Noreg er tilpassa sykliske svingingar i smågnagarbestandane. Til dømes har snøugla, fjellvåken, fjelljoen og fjellreven store problem med å klara seg utan gode smågnagarår. Indirekte gir dette òg negative verknader for mellom anna rypa og vadefuglane i høgfjellet.

Nasjonalparkforvalting

Mange spør seg i dag om Hardangervidda verkeleg er ein nasjonalpark. Nasjonalparkar i dei fleste andre land har andre grunnprinsipp for forvaltinga: Rovdyr har like sentral plass som «snille» dyr, turisthytter er ikkje tillate, og husdyr finst ikkje. Hardangervidda av i dag er eit resultat av talrike kompromiss. Mange kryssande behov vil heilt sikkert skapa debatt også i framtida. Kva er det for ei vidde vi vil overlata til komande generasjonar av planter, dyr og menneske?

  • Høst, P. 1958. Gnagerår på Hardangervidda. DNT Årbok: 29–36.
  • Nyqvist, F. P. 1981. Hardangervidda. Grøndahl & Søn forlag.
  • Solheim, R.; Wennerberg, L.; Marthinsen, G.; Lifjeld, J. 2004. Snøuglas populasjonsstruktur belyst ved DNA-analyse av museumsmateriale. Vår Fuglefauna 27.
  • Undebakke, N. P. (m.fl.), 1998. Veiviser til Vidda. Den Norske Turistforening.

Places in muncipality