Kilstraumen med Utkilen i framgrunnen, ein av gardane på den gode morenejorda som kryssar Austrheim. (Helge Sunde)

Austrheim

Det vide strandflatelandskapet i Austrheim har vore eit ope og skoglaust landskap i meir enn 4000 år, før det har byrja å endra karakter dei siste par generasjonane på slutten av 1900-talet. Omlegging av jordbruket i vår tid, med midre lyngsviing og beiting av utmarka, har gjeve buskar, kratt og skog gode voksterkår i dette flate landet. Berre Litleåsfjellet på gode hundre meters høgd løfter ryggen over strandflata, som er den gamle havbotnen.

Myrer og bølgjevaska istidsavsetjingar har jamna ut det låge terrenget, slik at det verkar ekstra flatt.  Kommunen er først og fremst eit øyrike med fiskerike straumar som Fosenstraumen, men fastlandet strekkjer seg likevel så langt ut mot havet at Vardetangen, heilt nordvest på Lindåshalvøya, dannar den vestlegaste pynten på Noregs fastland.

Austrheim kommune høyrde med få unntak til Lindås skipreide og prestegjeld frå mellomalderen av. I 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført, høyrde Austrheim såleis til Lindås kommune. Den nye Austrheim kommune, skild ut frå Lindås i 1910, omfatta også Fedje kommune fram til 1947, men framleis høyrer Austrheim til Lindås prestegjeld. Dette spreidde øyområdet, med over 500 store og små øyar, er eit gammalt kulturområde og eitt av dei finaste sjøbruksområde og kystmiljø i fylket. I Øyane har båten vore livsnødvendig gjennom mange tusen år; heilt frå steinalderfolket ferdast her i sine skinnbåtar og fram til vår tids smekre betongbruer som spenner over straumane: Bakkastraumen, Kjelstraumen og Fosenstraumen.

Frå Snekkeviki kan du vandra ein innhaldsrik kulturstig fram til det fine vesle kvernhusanlegget i Hoplandsmarka – eit nærbilete av naturalhushaldets energifosyning. Og med den i tankane har du det rette perspektivet for å sjå Mongstadanlegget, like innanfor grensa til Lindås; eit av Europas største oljeraffineri.

Landet under iskappa

Etter å ha kvilt under isen fleire gonger under siste istid, kom Austrheim fram for om lag 14 000 år sidan. Men berre dei høgste områda, fordi mykje av Austrheim vart overfløymd av sjøen då isen smelta tilbake. Då isbreen etter ein mellombels retrett vende attende, om lag to tusen år seinare, danna han Herdlamorenen. I Austrheim stogga iskanten langs ei line på tvers av kommunen, frå Hoplandsjøen over Austrheim-Årås-Mastrevikane-Utkjeilen-Ervikane-Fonnes-Leirvåg og til øya Håvarden. Framfor breen vart det avsett sand, grus og litt stein, og lenger ute silt og leire på havbotnen. I eit siste framstøyt gjekk så isen over desse avsetjingane, og skuva både dei fine og grovare massane saman i fleire moreneryggar.

Då isen som hadde trykt ned landet forsvann for godt, heva landet seg, i Austrheim om lag 30-35 meter. Leira og morenemassane steig opp av havet og vart tørt land. Den flate og leirrike jorda  hindra god drenering, og dette er ein av årsakene til dei store myrområda i kommunen.

Fjellet i Austrheim tilhøyrer den nordlegaste delen av Bergensbogane. I vest vert Bergensbogane klipte over av Hjeltefjordforkastinga, som skil dei frå grunnfjellsgneisane på Fedje og i Øygarden. I aust er det Fensfjordforkastinga som på same vis skil  austrheimsberget frå grunnfjellet i Masfjorden. 

Den kvite, aluminiumsrike anortositten som er vanleg i Lindås og på Radøy finst også i Austrheim. Eit kilometertjukt belte med anortositt svingar seg frå Mongstad og nordvestover til Store Stongi og Børilden og vidare sørover att via Åråsvågen (sjå kartet under). Her snur anortosittbeltet vest og nord igjen,  forbi Sævrøyni og ut i Fedjefjorden. Anortositten og resten av berggrunnen krøllar seg altså på tvers av kommunen i svære bølgjer eller faldar. Dei dannar  den nordlege avslutninga på kjempefalda i Lindås.  

Lyngheiane gror att

I vår tid er bjørk, rogn og furu er i frammarsj i myrlandskapet på strandflata. Sitkagrana, som vart planta i mange felt i 1960-åra, er blitt høge tre. Men det finst framleis område der attgroinga ikkje er komen skikkeleg i gang. Både på deler av Fosnøy og på dei mange øyane i den vestre delen av kommunen er det enno opne lyngheiområde som fortel om fiskarbonden sitt hushald gjennom mange årtusen.

I sørvende skråningar, gjerne der det er steinur, finst mange stader små hasselkratt. Fordi hasselen har vore skjerma mot  lyngbrannane, er desse førekomstane truleg gamle. I slike lune skråningar er ofte jordbotnen rikare på næring enn i områda omkring. Saman med hassel finn ein andre næringskrevjande plantar,  som kusymre, myske, storfrytle, hengeaks og fingerstorr. I tillegg er det ofte ein rik lav- og moseflora her. I den vestre delen av kommunen kan ein i august oppleva dei opne raudfarga heiane med mykje purpurlyng i slike sørvende skråningar. I vest veks og andre typiske kystplantar,  som vestlandsvikke, hinnebregne og fagerperikum.

Berre der det er ly for vinden og brukande sommartemperaturar vil skogen trivast i Austrheim. Ly mot nordvesten kan gje store utslag i oppvarminga, særleg vår og sommar, når det er godver med solskin. Men med høgtrykk og stille er det også fare for at havskodda legg seg over det meste av kommunen. Vekstsesongen er lang, frå midten av april til siste halvdel av november. Minusgrader er det gjerne berre i kortare periodar om vinteren. Årsnedbøren er mellom 1500 og 1700 mm fordelt på 200 nedbørsdagar i gjennomsnitt.

Sjøfuglar på flyttefot

For sjøfuglane har utviklinga vore meir dramatisk i Austrheim enn i dei fleste andre kommunane i Hordaland. Av fire verna sjøfuglreservat er berre Stridsholmen livskraftig i dag. I alle fall når det gjeld Kuøy-området reknar ein med at minken har noko av skulda. Likevel er ikkje sjøfuglane borte. Dei har helst flytta til nye stader, Kjørholmane er ein slik stad.

Sportsfiskarar trekkjer gjerne til Fosnstraumen. Få har vel gått herifrå utan å få fisk. Slik var det truleg og i steinalderen, det var fisken som skapte grunnlag for busetjing. Men også i ferskvatna i kommunen er det rikeleg med fisk for den som vil freista fiskelukka. Fleire kystvassdrag, sjølv om dei er små, har bra oppgang av sjøaure. Vassdraga opp til Purkebolsvatnet og Solendvatnet høyrer til desse – her er det lagt spesielt til rette for sportsfiske dei seinare åra.

  • Bondevik, S.; Svendsen, J. I.; Johnsen, G.; Mangerud, J.; Kaland, P. E. 1997. The Storegga tsunami along the Norwegian coast, its age and runup. Boreas 26: 29–53
  • Borthen, S. 1995. Børillen Synform in the Lindås Complex, Western Norway - petrography, structural geology and regional significance. Cand. scient avhandl., UiB,1995.
  • Byrkjeland, S.; Overvoll, O. 2003. Viltet i Austrheim. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 8/2003.
  • Heggberget, T. M. 1990. Oteren. Semb-Johansson, A.(red.): Norges Dyr,  Pattedyrene I:165–177.Cappelen.
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Austrheim. Austrheim kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 1/2003.
  • Solheim, A. (1972) Bygdebok for Austrheim. Bergen.
  • Solheim, A. (1985) Gardssoga for Austrheim.

Documents